Grøn kriminologi i Norden (avslutta)

Kva for nokre samfunnsforhold har bidratt til dagens klimakrise? Kva avgjer korleis handlingar kategoriseras og kor vidt skade defineras som lovbrudd eller legal handling? Korleis kan handlingar som skadar menneske og samfunn så vel som natur og dyr forstås og reguleras?

Utslepp av forurensande klimagassar er ofte lovlege sjølv om dei bidrar til globale skadeverknader. Rettsleg regulering av forurensande verksemd har ikkje forhindra ei klimakrise. Slike erkjenningar er utgangspunkt for nokre av spørsmåla som blir reist innan grøn kriminologi.

Foto: stxchange

Om prosjektet

Prosjektet ”Utvikling av grønn kriminologi i Norden” skal bidra til å utvikle eit nordisk fagmiljø innan grøn kriminologi som vil stimulera til auka og tiltrengt forsking på feltet. Prosjektet tek sikte på å knyte faglege kontaktar, utvikle eit nettverk og miljø for grøn kriminologi i Norden.

Sentrale tema i prosjektet er:

  • Økologisk kriminalitet, miljøskade og brotsverk mot naturen
  • Spesiesisme, dyrs rettsvern og dyremishandling
  • Regulering og førebygging av skadar mot menneskeheten, naturen og klimaet

Prosjektleiar er professor Guri Larsen.

Mål

Å skaffe midlar og stimulere til meir grøn kriminologisk forskning (også kalt øko-global kriminologi), utgjeving av antologi om feltets tema, utføre litteraturstudie av forskingen innan denne delen av faget og bidra til å organisere ein internasjonal konferanse om tema innen grøn kriminologi.
 

Bakgrunn

Ein hovudsak i grøn kriminologi er å utvide kriminologiens tema til også å belyse skade mot natur og dyr, samt den globale klimakrisa – skadar som kan oppfattas som brotsverk mot natur, dyr og økologiske system.

Grøn kriminologi gjer måter å forstå skade og pine på som ikkje avgrensas til rettens kriminalitetsdefinisjon. All skade- og pinepåføring kan oppfattas som brotsverk, enten som rettsleg kategori eller som moralsk kategori.

Finansiering

Prosjektet finansieres av Nordisk samarbeidsråd for kriminologi.

Resultater

Antologien Eco-global Crimes: Contemporary Problems and Future Challenges ble utgitt på Ashgate forlag oktober 2012.

Publisert 2. feb. 2010 16:23 - Sist endra 29. des. 2021 13:46

Kontakt

Abonner på vår e-postliste for å motta informasjon om arrangement, publikasjonar og anna som er relevant for fagfeltet grøn (øko-global) kriminologi. Send e-post til rune.ellefsen@jus.uio.no for å bli påmeld lista.

Deltakarar

Detaljert oversikt over deltakarar