PhD-kurs: Juridiske doktorgradsarbeid etter digitaliseringa av rettskjeldene

Digital Regulation (DigiReg) inviterer alle stipendiatar i rettsvitskap i Norge til PhD-kurs om juridiske doktorgradsarbeid etter digitaliseringa av rettskjeldene: Frå samling av empiri til kunstig intelligens i skriveprosessen og for analyse. På dette doktorgradskurset vil du få ein gjennomgang av forskingsdesign, utviklinga av forskingsmetodar over tid, og praktisk innføring i datastøttet forsking. 

Rettsvitskapen er i endring. Det gjeld både arbeidsprosess og argumentasjonsfundament. Kanskje merkast det fyrst og best under doktorgradsarbeidet.

Det er ikkje lenger bare gjennom rettleiar-, fagfelle- og redaktørkommentarar, ved sida av korrektur, at ein rettsvitskapleg tekst språkleg vert utvikla. Språkmodellar er ei ny form for ekstern lesar som ikkje bare kommenterer, men som kan skriva og skriva om tekst gjennom å for eksempel laga samandrag og korta ned tekststykke. Det fører til betre tekstkvalitet, men legg òg lista høgare for originalitet og eksepsjonalitet.

Historisk har norsk rettsvitskap vore ein normativ vitskap med eit vindauga til røyndomen gjennom bruk av reelle omsyn som rettskjelde. Digitalisering har fyrst gjennom søkbare databasar, og deretter gjennom generative språkmodellar, gjort det mogeleg å produsera rettsvitskapleg relevant empiri. For eksempel kan sentiments- eller nettverksanalysar gje innsikt i den rettslege standarden barnets best ved sida av tradisjonelle rettskjelder. Sjølv om rettsvitskapen i all overskodeleg framtid framleis vil vera ein normativ vitskap, vil genererte empiriske kjelder spela ei større og større rolle.

Dette er bakgrunnen for at prosjektet DigiReg, som fokuserer på rettsutvikling og rettsstat etter digitaliseringa av retten, tilbyr eit doktorgradskurs om forskingsdesign og digitale verktøy i juridiske doktorgradar. Føremålet med kurset er todelt: For det fyrste vert det førelest om kva nye mogelegheiter digitaliseringa av retten har skapt for rettsvitskapleg forsking. For det andre skal deltakarane praktisk utforska korleis desse mogelegheitene kan brukast i deira prosjekt.

Doktorgradskurset vert halde torsdag 6. og fredag 7. juni i skrivelabben på Domus Juridica på Juridisk fakultet i Oslo. Kursansvarlege er Hans Christian Farsethås, Malcolm Langford, Runnar Hilleren Lie, Morten Nadim og Jørn Øyrehagen Sunde. Målgruppa er doktorandar i rettsvitskap i Norge. Det er inga kursavgift, og reise og opphald vert dekka av DigiReg.

I påmeldingsskjema må de skriva opp til 200 ord om kvifor de meiner kurset er interessant for dykk, og om de eventuelt er kjent med Python eller Jupyter. Dette vil verta brukt som utgangspunkt for å setja saman gruppene for fyrste og andre sesjon 6. juni. Basert på erfaringane frå fyrste dag av kurset, og kva ein opplever som mest relevant i høve eiga doktorgradsavhandling, melder ein seg på nye grupper leia av ein av dei kursansvarlege for tredje sesjon 7. juni.

Program 

Torsdag 6. juni

Velkomen

09.00-09.15            Kaffi og registrering

09.15-09.20            Opning ved forskingsdekan Geir Stenseth, Juridisk fakultet UiO

09.20-09.30            Velkomen, ved Malcolm Langford og Jørn Øyrehagen Sunde

Fyrste sesjon

09.30-10.20            Forskingsdesign og juridiske doktorgradsarbeid, ved Malcolm Langford og Jørn Øyrehagen Sunde

10.30-11.20            Frå samling av empiri til generativ analyse, ved Hans Christian Farsethås, Runar Hilleren Lie og Morten Nadim            

11.30-12.00            Gruppediskusjon

12.00-13.00            Lunsj

Andre sesjon

13.00-13.50            Lågterskel bruk av KI i forsking, ved Runar Hilleren Lie

14.00-14.50            Bruk av språkmodellar i ei doktorgradsavhandling, ved Hans Christian Farsethås

15.00-15.30            Spørsmål og diskusjon

 

17.00-                     Utflukt med piknik på Hovedøya

 

Fredag 7. juni

Tredje sesjon

10.00-11.50            Nye idear for mitt doktorgradsarbeid – gruppepresentasjonar og diskusjonar leia av ein av dei kursansvarlege

12.00-13.00            Plenumsdiskusjon basert på gruppediskusjonane

13.00-14.00            Lunsj   

 

Påmeldingsfrist: 23. mai

Meld deg på her

Kontakt Anette Prestesæter Endsjø ved spørsmål. 

Publisert 4. apr. 2024 13:44 - Sist endret 5. apr. 2024 14:26