English version of this page

Ledige stillingar ved Nordisk institutt for sjørett

Ledige vitskapelege og administrative stillingar ved Nordisk institutt for sjørett vert lyste ut her

 👉 Ledige stillingar ved Det juridiske fakultet

For alle stillingane gjeld

  • UiO ønskjer fleire personar med innvandrar- og minoritetsbakgrunn i vitskapelege stillingar. 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk er ein føresetnad.
  • Du må ha betalt semesteravgift og vere registrert student ved masterstudiet i rettsvitskap ved ein norsk lærestad.

Kan eg søkje?

Har du bestått alle eksamenar på jusstudiet, til og med 7. semester på masterstudiet, og ønskjer å skrive ei stor masteroppgåve (60 poeng) innan eit av instituttet sine fagområde? 

  • For alle våre vit.ass.-stillingar gjeld krav om flytande språkferdigheiter i eit av dei nordiske språka, samt at du må ha betalt semesteravgift og vere registrert student ved masterstudiet i rettsvitskap ved ein norsk lærestad.
  • Det er eit krav at ein er teke opp som student på 5-årig mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, Bergen eller Tromsø.
  • Masteroppgåva på 60 sp skal inngå som ein del av graden Master i rettsvitenskap. Er ein ikkje student, har ein heller ikkje høve til å levere masteroppgåva.
  • Alle søkjarar må leggje ved ei karakterutskrift, til dømes frå Vitnemålsportalen 
  • Det krevst gode norskkunnskapar. Arbeidsspråket ved instituttet er norsk, og masteroppgåva skal verte skriven på norsk.
  • Vi tillét kun eitt trainee-opphold på inntil 1 mnd i perioden ein er tilsett som vitskapeleg assistent.
Dei ledige vit.ass.-stillingane vert lyste ut i feb-mars og aug-sep for påfølgjande semester.

Vér merksam på

  • Dersom stillinga du søkjer er eksternfinansiert tek vi atterhald om at oppstart eller vilkår underveis i perioden kan verte endra eller falle bort på grunn av bortfall av finansiering.
  • Har du vore vit.ass. ved UiO tidligare, kan ikkje samla tilsettingstid overstige to år. Du kan ikkje ha stillinga dersom du tidlegare har vore tilsett i vit.ass.-stilling jfr. §1.4 (1) og (2) om tilsettingssvilkår for stilling som vit.ass.

Om stillingene

Kandidaten si primære oppgåve er å skrive masteravhandlinga. I tillegg kjem faglege og administrative/praktiske oppgåver. Instituttet vil syte for rettleiing i arbeidet med avhandlinga. Som del av fagmiljøet ved instituttet, bør du ta del i lunsjseminar og andre faglege arrangement på linje med instituttet sine øvrige tilsette.

Send søknad til kontorsjef Bente Lindberg Kraabøl

Legg gjerne ved eit kort søknadsbrev  med din motivasjon og kvifor du meiner at du vil passe godt til stillinga(-ne) du søkjer.

Kristian Gerhard Jebsen og Jantzens Fond til fremme av sjørettsforskning

Kristian Gerhard Jebsen og Jantzens Fond til fremme av sjørettsforskning.

Fondet yter støtte til norske, svenske og finske jurister som ønsker å tilegne seg bedre kvalifikasjoner gjennom vitenskapelig eller praktisk utdannelse i fremmed og internasjonal sjørett. 

Hvert stipend er på opptil NOK 300.000, og det kan deles ut mer enn ett stipend hvert år.  I 2019 ble det delt ut ett stipend til masterstudiet i sjørett ved the National University of Singapore.

Nordisk Skibsrederforening administrerer fondet Kristian Gerhard Jebsen og Jantzens Fond til fremme av sjørettsforskning. 

Mer informasjon ved kontakt til Nordisk Skibsrederforening v/Mats E. Sæther, advokat +47/22 13 56 16  el.+47/22 13 56 00 Søknad sendes innen 31. januar hvert år til post@nordisk.no

Kristian Gerhard Jebsen og Jantzens fond til fremme av sjørettsforskning