Forsiden UiO Det juridiske fakultet
print logo

Studentstillingar ved Det juridiske fakultet

Det juridiske fakultet tilset studentar i fleire typer stillingar - nokre med berre administrative gjeremål, medan andre og gjer høve til å jobbe med masteroppgåva - vitskapelege assistentar

Vitskapelege assistentstillingar

Institutta ved Det juridiske fakultet lyser ut stillingar som vitskaplege assistentar - i regelen to gonger i året med søknadsfrist i juni og desember.

Masteroppgåve blei til bok.
Heidi Anita Skjærvik skreiv masteravhandling om «Gjerder i beiteområder» våren 2012. No er oppgåva blitt bok.

Foto: Privat

Stillingane går til studentar som vil skrive 60 poengs masteroppgåve, og har avlagt eksamen i 3. avdeling på masterstudiet i rettsvitskap.

Stillingane er primært knytte til arbeid med avhandling, men noko pliktarbeid må påreknast. Omfanget varierer avhengig av tilknyting til institutt/forskargruppe.

Ved vurdering av søknadene blir det lagt vekt på karakterar, men også andre forhold.

Stillingane som vitskaplege assistentar er ein viktig rekrutteringsbase for dei framtidige forskarane ved fakultetet og er rekna som ein viktig del av forskingsmiljøa ved institutta.

Ved vurdering av søknadene blir det lagt vekt på karakterar, men også andre forhold.