Vitskapeleg assistent innan sjørett

Nordisk institutt for sjørett har ei halv stilling som vitskapeleg assistent innan sjørett ledig frå våren 2027

Søknadsfrist er torsdag 3. september 2026

Skipstrafikk

Illustrasjonsfoto

Foto: Unsplash.com
Av Camilla Arnøy, Alla Pozdnakova
Publisert 21. aug. 2026

Skipsfart er ein viktig sektor i rask utvikling – vil du vere med på å finne gode juridiske løysingar på utfordringar skipsfarten står overfor?  

NIFS tilbyr ein spennande arbeidsplass, godt miljø og ein møteplass mellom akademia og praktiserende jurister.  Sjøretten er eit rettsområde med forskingsspørsmål i stor breidde, om du er opptatt av privatrett, offentlig rett eller internasjonal/EU-rett!  

Det er stor breidde i tema for masteroppgåva. Ein treng ikkje å ha valt tema for oppgåva før tilsetjing. Vi samarbeider med fleire store advokatkontor om temaer, praksisplassar og rettleiing. 

Om ein sjølv har eit godt tema innan sjørett eller generell kommersiell jus, er det óg mogeleg. Til dømes er skipsfart viktig i det grøne skiftet, overgang til meir miljø- og klimavennleg drivstoff, resirkulering av skip som vert tekne ut av teneste, vern av biologisk mangfald mot påvirknad fra skip og regulering av arktisk skipsfart. 

Ta kontakt med professor Alla Pozdnakova om du er nysgjerrig på om dette kunne være noe for deg!

Her kan du lese meir om forskninga ved Nordisk institutt for sjørett.

UiO ønskjer fleire personar med innvandrar- og minoritetsbakgrunn i vitskapelege stillingar. Arbeidsspråket ved instituttet er norsk. Vi føresetter gode kunnskaper i eit skandinavisk språk. Kandidaten kan verte pålagd pliktarbeid som føresetter dette.

Vi føreset at den som vert tilsett skriv ei oppgåve til 60 studiepoeng.

Spørsmål om administrative tilhøve: kontakt kontorsjef Bente Lindberg Kraabøl, Nordisk institutt for sjørett.

Tilsetjing er for eitt år. Løn som vitskapeleg assistent, tilsvarande tidlegare stillingskode 1019, som svarer til kr. 430 200,- i 100% stilling.

Krav til søkjar

Søkjar har bestått alle eksamenar til og med 7. semester på masterstudiet, og ønskjer å skriva 60-studiepoengs masteroppgåve. Arbeidsspråket ved instituttet er norsk. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk er ein føresetnad.

Vi legg positiv vekt på om søkjaren opplyser om fagområde(r) ho eller han er særleg interessert i, og om søkjaren skisserer eit opplegg for ei avhandling.

UiO ønskjer fleire personar med innvandrar- og minoritetsbakgrunn i vitskaplege stillingar. Desse vert oppmoda til å søkja.

Ein kan berre tilsetjast for éin åremålsperiode som vitskapleg assistent på UiO. Det betyr at dersom ein har vore sett til som vitskapleg assistent tidlegare, uavhengig av lengda på den tidlegare tilsetjinga, kan ein ikkje tilsetjast som vit.ass igjen. Lenkje til UiO sitt reglement finn du her: 

Søkje

Send søkjarskjema pr. e-post til kontorsjef Bente Lindberg Kraabøl.

Legg gjerne ved eit kort søknadsbrev  med din motivasjon og kvifor du meiner at du vil passe godt til stillinga/-ne du søkjer.

Skal du søkje på fleire vitskapelege assistent-stillingar under Nordisk institutt for sjørett kan du gjere det på same skjema. Spesifisér kva for stillingar søknaden gjeld.

Søknadsfrist torsdag 3. september 2026

Aktuelle kandidater vil verte innkalde til intervju.  Tilsetjing etter nærare avtale.

 

Publisert 21. aug. 2026 21:06 - Sist endret 21. aug. 2026 21:14