Bakgrunn

CELL vart oppretta for å samle innovative undervisningskrefter og for å gje kraft og retning til ei satsing på undervisning ved Det juridiske fakultet.

Oppretting av CELL

I 2018 vart CELL oppretta etter initiativ frå dei tilsette ved fakultetet. Det var eit resultat av engasjerte tilsette og studentar, og samtidig eit svar på samfunnsendringar og endringar i juristar si rolle. CELL ville gje juristutdanninga ei retning som møter krava i notida og framtida. Oppstarten av CELL kan også skildrast som ei forlenging av fakultetet si satsing på studiekvalitet.

CELL har samla engasjerte lærarar og studentar i eit ressurssenter for utvikling av nye undervisningsformer, eksperimentering med teknologi i læring og samarbeid med arbeidsliv og akademia. CELL har ikkje mynde til å fatte vedtak, men gjev råd, tek initiativ, gjev forslag til endring, går opp stiar og bidreg til delingskultur.

Forventningar utanfrå

Stortingsmelding 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning gjev klare forventningar om at studentaktive læringsformer bør brukast i større grad. Meldinga har også eit fokus på arbeidslivsrelevans og digitalisering.

Arbeidslivet har også nye forventningar. Richard Susskind skriv i The Future of the Professions at arbeidsmarknaden for juristar er i endring, og det er peika på at juristar i framtida må ha grunnleggjande digitale ferdigheiter for å handtere lovverket og rettslege prosessar prega av nye teknologiar. Profesjonen i seg sjølv er også i endring, med meir fokus på mekling og preventive tiltak, risikostyring, tverrfagleg samarbeid og internasjonalisering.

CELL er eit direkte svar på desse forventningane. Vi veit at det blant arbeidsgjevarar og studentar i dag er stor etterspurnad etter yrkesrelevante ferdigheiter, og vi vil kome denne etterspurnaden i møte.

Vi får stadig fleire lover og forskrifter – samfunnet vårt blir i aukande grad rettsleggjort. Som borgar vil du oftare kome i kontakt med jus. Samtidig gjer digitaliseringa sitt inntog, med innverknad på lovutforming, tilgang til rettsbistand og kva for juridiske spørsmål vi har med å gjere.

Dette har skapt eit behov for at jusstudentar utviklar praktiske jurist-ferdigheiter som munnleg presentasjon, forhandling og mekling, formidling og evne til å samhandle med ikkje-juristar. Studentar må også ha forståing for kva utsikter og utfordringar digitalisering og ny teknologi gjev i rettsutøvinga.

Erfaringsbasert undervisning

Erfaringsbasert læring – også kalla studentaktiv undervisning – er særleg eigna til å utvikle juridiske ferdigheiter og gir djupare forståing av jussen si rolle i samfunnet. Erfaringsbaserte undervisningsformer kan byggjast inn i den ordinære undervisninga utan at det går på kostnad av innlæring av teori.

Erfaringsbasert læring er kort fortalt å lære gjennom å gjere: studentane gjer seg erfaringar gjennom til dømes rollespel, arbeid med case, praksis eller reelle oppdrag for eksterne partnarar. I ei ramme som gjev rom for refleksjon og eksperimentering vil studentane i større grad motiverast til å søkje, forstå og meistre ny kunnskap.

Erfaringsbasert undervisning har den fordelen at han bidreg både til å gjere studium meir arbeidslivsrelevante, og til at studentane i større grad blir motiverte til å søkje, forstå og meistre ny kunnskap.

Det er eit underbruk av erfaringsbasert undervisning i jusstudium, trass i etterspurnad frå arbeidslivet etter studentar med yrkesrelevante ferdigheiter. Så langt ein veit, har det berre vorte utført sporadiske eksperiment rundt slike undervisningsformer i USA og Europa.

Trass i dette, er jussen eit studium der erfaringsbasert undervisning vil vere særleg gunstig. Det er tre grunnar til det:

  • Juristane jobbar med mange varierte oppgåver
  • Profesjonen er i endring, på grunn av ny teknologi og nye tilnærmingar til konflikthandtering og tvisteløysing
  • Rettsvitskapen blir meir prega av tverrfaglegheit, internasjonalisering, empiri og datamaskinbaserte metodar.

Fleire innslag av ferdigheitstrening gjer eit studieprogram meir arbeidslivsrelevant. I tillegg gjev erfaringsbasert læring ei djupare innlæring og betre rolleforståing.

Men det gjev også andre fordelar: med meir satsing på ferdigheitstrening, saman med varierte vurderingsformer, kan vi redusere karakterpress og negativ konkurransekultur. Som student får du eit breiare spekter av kompetansar du kan utvikle.

Kriterium

Studentaktive læringsformer fører ikkje automatisk til god studiekvalitet. Dei må tilpassast fagområdet sin karakter og føremålet med det aktuelle emnet i eit studieprogram.

CELL har utvikla ein modell med følgjande kriterium for nye erfaringsbaserte læringsformer som skal utviklast og prøvast ut:

  1. Aktivitetar må ha eit definert pedagogisk føremål.
  2. Må krevje aktiv deltaking av studentane, eller gje opning for reelle jurist-oppdrag eller oppgåver.
  3. Aktiviteten må evaluerast og telje ved karaktersetjing.
  4. Må kunne gjentakast og må dokumenterast.

Aktivitetar ved CELL

Aktivitetane ved CELL kan oppsummerast slik:

  • Innføre og spreie: Vi skal vidareutvikle eksisterande undervisningsopplegg, og leggje til rette for at fleire emne og program ved fakultetet vil ta i bruk studentaktiviserande undervisningsformer
  • Eksperimentere: Eigna valemne skal vere "sandkasse" for utprøving av blant anna ny teknologi og nye former for rollespel
  • Forsking på undervisning: Vi skal gje tilgang til å forske på våre undervisningsformer og invitere forskarar til senteret
  • Formidle og dele: Vi skal dokumentere det vi alt gjer bra og dele og spreie ny kunnskap frå prosjekt vi gjennomfører

Det CELL utarbeider av forslag, aktivitetar og nye undervisningsopplegg, blir lagt fram for vedtaksorgana ved fakultetet.

" The education of future lawyers who are better equipped for the workforce and have a deeper, relevant and critical understanding of law and its place in society "

    Publisert 2. okt. 2020 12:23 - Sist endret 2. nov. 2021 09:48