Organisering

CELL er eit senter for framifrå utdanning (SFU) ved Det juridiske fakultet, UiO. Fagtilsette, studentar, administrasjon og bibliotek ved fakultetet er involvert i leiing og koordinering.

Organisasjonskart

 

Bildet kan inneholde: fargerikhet, produkt, rektangel, gjøre, materiell eiendom.

Leiing og styring

CELL sitt leiarteam:

Leiarteamet har ansvar for den daglege oppfølginga av verksemda ved senteret.

Koordineringsteamet er overordna forum for strategiutvikling og koordinering av CELL som fagleg heilskap. Koordineringsteamet består av faglege, studentar og administrative i CELL og skal sikre brei deltaking i spørsmål om prioriteringar og strategiutvikling.

Arbeidspakker og prosjekt

Den faglege verksemda i CELL er fordelt på fem arbeidspakker, og kvar pakke inneheld ulike prosjekt.

  • Ferdigheitsstigen og interaktiv læring
  • Digitalisering og innovasjon
  • Praksis og ferdigheiter
  • Juridisk pedagogikk
  • Drift og spreiing

Kvart prosjekt blir leidd av minst éin fagtilsett og éin student, vidare arbeider vi for å inkludere både juridisk og pedagogisk fagkompetanse i kvart prosjekt, i tillegg til administrative ressursar.

Studentleiarar og CELL studentteam

CELL er eit senter som blir leidd og drifta med studentar, og dei inngår i senterorganisasjonen på alle nivå.

Senteret blir leidd i samarbeid av ein fagtilsett og ein studentleiar, og kvart prosjekt blir leidd i samarbeid av ein fagtilsett og en studentleiar. CELL sine studentar har også eit eige student-team som møtest jamleg.

Studentar deltek i faglege forum, deltek i dialog om og utvikling av emne ved fakultetet, utarbeider eigne ressursar, presenterer innlegg og er medforfattarar i rapportar og kronikkar.

CELL Noreg

Senteret samarbeider med dei juridiske fakulteta i Bergen og Tromsø, under paraplyen CELL Noreg. Bergen og Tromsø hjelpte til i søknadsarbeidet for SFU-et.

Dei tre juridiske fakulteta skal utarbeide eit mandat for det vidare samarbeidet i løpet av 2020.

Rådgjevande panel

Eit rådgjevande panel med amerikanske og europeiske akademikarar er oppretta. Panelet gjev tilbakemeldingar på prosjekt, strategi og visjon. Medlemer i panelet er:

Arbeidsgjevarpanelet ved Det juridiske fakultet og CELL har jamleg dialog om verksemda ved senteret.

Publisert 31. aug. 2020 12:55 - Sist endret 12. des. 2023 15:28