Samarbeid med oss

CELL ønskjer å samarbeide med interne faglege og studentar og eksterne partnarar. 

Fagleg samarbeid

Ønskjer du å utvikle eiga undervisning? CELL kan vere ein dialogpartnar, støtte utvikling av nye undervisningsopplegg ved å undersøkje administrative og økonomiske rammer, gjennomføre høyringar blant studentar og faglege, og bidra til å utgreie og skrive forslag om endringar til programråd for rettsvitskap.

Ta kontakt med leiarteamet i CELL

Sjå også om ordninga CELL Education Fellows

Tilsette ved fakultetet kunne fram til utgangen av 2023 søkje om midlar til tiltak for utvikling av erfaringsbasert undervisning og vurdering. Det vart og mogleg å søkje om midlar til frikjøp og midlar til å tilsetje læringsassistentar i eigne emne. Denne ordninga er no under evaluering.

  • Søknadsskjema - Studentaktiv læring

CELL medlemer

Faglege, studentar og administrative kan bli medlem i CELL. Dersom du jobbar med/utviklar/gjennomfører erfaringsbasert, studentaktiv undervisning, kan du ta kontakt med administrativ koordinator for å be om og invitasjon til opne seminar og arrangement.

Studentstillingar og utlysingar

CELL lyser ut stillingar som vitskaplege assistentar, som skal jobbe i dei faglege pilarane, med utvikling av rettsstudiet og andre studieprogram ved Det juridiske fakultet. 

CELL arbeider blant anna med bruken av studentar som læringsassistentar i studiet. Kvart semester vil vi lyse ut stillingar som kollokvierettleiarar, skriverettleiarar og læringsassistentar.

Sei meininga di

Vi ønskjer å høyre dine meiningar og forslag til forbetringar. Ta kontakt med leiarteamet i CELL på e-post.

Eksterne samarbeidspartnarar

CELL samarbeider med fleire eksterne partnarar i konkrete prosjekt. Sjå full oversikt her.

Publisert 31. aug. 2020 14:20 - Sist endret 5. apr. 2024 14:56