Haldningar til straff i Norden (avslutta)

Kva er ei passeleg straff for å rane ein kiosk? Har svensker og nordmenn ulike oppfatningar av kva straffa bør vere, og kor streng straffa for ran bør vere? Dømer domstolane i samhøve med til folks rettskjensle?

Foto:Stock xchange

Om prosjektet

"Holdninger til straff i Norden" er ein nordisk undersøking av folks haldningar til straff. Prosjektet kooridineras av førsteamanuensis Leif Petter Olaussen

Mål

Etter planen skal hovudresultater frå dei nasjonale undersøkingane vere ferdige sommaren 2010. Videre skriftleg rapportering vil følgje høsten 2010/våren 2011.

Bakgrunn

Undersøkinga består av to delar, ein befolkningssurvey og fokusgruppediskusjonar.

Befolkningssurvey:

Eit tilfeldig utval av den vaksne befolkninga får tilsendt eit spørjeskjema med seks straffesakar som dei skal "avseie dom" i. Hensikta med denne undersøkinga er å undersøke om det er gjennomgåande og systematiske forskjellar i kva som sjås på som "passande straff":

  • mellom ulike befolkningsgrupper innan de enkelte land.
  • i befolkninga og den straff som blir praktisert ved domstolane.
  • mellom befolkningane i dei nordiske land, eller om forskjeller mellom landa er så små og usystematiske at heile Norden kan sjås som eit område når det gjeld folks haldning til straff?


Fokusgruppediskusjoner:

Siktemålet er å få kjennskap til korleis folk tenkjer og argumenterar i forhold til straff. Det er laga filmopptak av domstolsbehandlinga av fire ulike saker som og inngår i det spørjeskjemaet som brukes i befolkningssurveyen. Fokusgrupper med omlag 10 voksne vil bli valde ut etter bestemde kriterier for å sjå ein av filmane og så skal dei diskutere ca. 1 time kva for ein straff tiltalte bør få. Diskusjonen i fokusgruppene vil så bli analysert.

Finansiering

"Holdninger til straff i Norden" er finansiert av NSfK og Justis-og Politidepartementet og UiO.

Samarbeid

"Holdninger til straff i Norden" er eit samarbeid mellom forskarar frå Universitetet i Oslo, Københavns Universitet, Universitetet i Island, Stockholms Universitet og Universitetet i Helsinki.

Publisert 8. des. 2009 16:41 - Sist endra 20. mars 2015 15:24

Deltakarar

Detaljert oversikt over deltakarar