Nødnummer
- Brann: 110
- Politi: 112
- Ambulanse: 113
Vakt- og alarmsentral UiO: 22 85 66 66
Ring nødetatane først, så vakt- og alarmsentralen.
HMT ved instituttet
Instituttet skal ha eit utviklande og fullt forsvarleg arbeidsmiljø for tilsette og eit fullt forsvarleg læringsmiljø for studentar. Det er nulltoleranse for seksuell trakassering, mobbing og andre former for uønskt åtferd. Leiinga tek alle tilfelle av dette alvorleg.
Opplever du kritikkverdig åtferd, ta kontakt med næraste leiar, instituttleiar eller kontorsjef. Dersom spørsmåla er vanskelege å ta opp med leiinga kan du ta kontakt med verneombod eller bedriftshelsetenesta.
Verneombod
Vara for verneobod
Ansvarleg for løpande HMT-oppfølging ved instituttet
Ta gjerne ein kik på UiO sine overordna føringer, felles prosedyrar og verktøy som skal sikre alle som har arbeidsplass ved UiO eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø:
- HMT og beredskap
- HMT ved Det juridiske fakultetet
- Brannvern ved UiO
- Sikresiden.no (førebyggande opplæring og råd om kva du skal gjere i ein krisesituasjon)
Ver merksam på at varsel om seksuell trakassering eller mobbing, og enkelte andre former for uønskt åtferd utløyser handlingsplikt hos instituttleiinga. Dei har derfor ikkje høve til å ta imot anonyme varsel.
Arbeidsmiljø handlar òg om den fysiske arbeidsplassen. Ta kontakt med kontorsjef viss du treng ekstra sittepute til stolen, rollermus til PC-en, eller andre ergonomiske hjelpemiddel.