Organisasjon

Instituttets hovedorganer er samansett av:

  • eit instituttstyre
  • ein instituttleiar
  • ein administrasjon leia av ein kontorsjef
  • eit programråd


Instituttstyret

Instituttstyret er instituttets høgaste organ, og har ansvar for å fastleggje overordna mål, prioriteringar og strategiar for verksemda. Instituttstyret leias av instituttleiar med instituttleiars stedfortredar som  nestleiar. I tillegg skal styret være samansett av ein representant for dei vitskapelege tilsatte, ein representant for det teknisk-administrative personalet og to representantar for studentane.

Instituttleiar har overordna ansvar og myndigheit  med omsyn til alle oppgåver som ikkje er direkte tildelt instituttleiingas myndighetsområde, og har generell fullmakt til å avgjere løypande enkeltsakar.

Kontorsjefen tek hand om leinga av instituttets administrative og forvaltningsmessige arbeid i samråd med, og på delegasjon fra instituttleiar.
 

Programråd for Bachelor i kriminologi, Master i kriminologi og Master i rettssosiologi (PKRS)

Programrådet har det koordinerande ansvar for studietilbodet. PKRS behandlar dei faglege rammane, viktige prioriteringar og opplegg for kvalitetssikring av programma.

IKRS har også eit fagutval på bachelorprogrammet i kriminologi og eit felles fagutval for masterprogramma i kriminologi og rettssosiologi. Fagutvala er studentane sine organ på instituttet. Dei er organ for kommunikasjon og samarbeid mellom studentar på ulike nivå, og mellom studentar og tilsatte ved instituttet. Utvalea fremjar og fylgjer opp sakar til instituttleiing, lærarmøter, studentpolitiske organisasjonar og andre beslutningsorganar.

I tillegg til å ta vare på faglege spørsmål arrangerar også fagutvala ulike sosiale tilbod for studentane, til dømes fadderuka for nye studentar kvar høst. 

Publisert 2. okt. 2012 10:21 - Sist endra 5. feb. 2015 10:46