English version of this page

Instituttrådet

Instituttrådet er det høgste organet for instituttet, og har ansvar for å fastleggje overordna mål, prioriteringar og strategiar for verksemda. Instituttråd blir leia av instituttleiar med vikaren for instituttleiar som nestleiar. I tillegg skal rådet vere samansett av ein representant for dei vitskapleg tilsette, ein representant for det teknisk-administrative personalet og to representantar for studentane.

Instituttleiar har overordna ansvar og myndigheit med omsyn til alle oppgåver som ikkje er direkte tildelte myndesområdet til instituttleiinga, og har generell fullmakt til å avgjere løpande enkeltsaker.

Kontorsjefen tar hand om leiinga av instituttet sitt administrative og forvaltningsmessige arbeid i samråd med, og på delegasjon frå instituttleiar.

Medlemer

Instituttrådet er sett saman av følgjande medlemer:

Representant for dei fast vitskapleg tilsette

Representant for det teknisk-administrative personalet

Representant for dei mellombels vitskapleg tilsette

Studentrepresentant

Sekretær for rådet

Publisert 2. okt. 2012 10:21 - Sist endra 7. jan. 2026 00:35