Internasjonal trygderett

Små menneskefigurer plassert ut på et europakart med Norge i øvre bildekant

Illustrasjonsbilete: Colourbox

Om prosjektet

Bakgrunnen for prosjektet er den sokalla «trygdeskandalen», som vart offentleg kjend i 2019. Folketrygdlovas opphaldskrav vart i ei årrekke feilpraktisert ved reiser i EØS-området. Mange som fekk sjukepengar, arbeidsavklåringspengar eller pleiepengar fekk ikkje rettkomne avslag og krav om tilbakebetaling. I fleire tilfelle danna feilen også grunnlag for straffeforfølging, dom og fengselsstraff.

Ved Juridisk fakultet, UiO vart det etablert ein ressursside om saka: Trygdeskandalen - Institutt for offentlig rett

Mål

Prosjektet skal bidra til å bygge kritiske akademiske fagmiljø knytte til møtepunkta mellom EØS-rett og nasjonal trygderett, gjennom forsking, undervisning og formidling.

Resultat

Informasjon om arrangement, publikasjonar mv. er tilgjengeleg på dei tre fakultetas felles nettside for prosjektet: Internasjonal trygderett | UiT

Bakgrunn

Prosjektet er eit samarbeid mellom dei tre juridiske fakulteta ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og UiT – Noregs arktiske universitet.

Prosjektet varar i perioden 2021-2025. I tillegg til forsking og undervisning, vert det arrangert ein årleg konferanse om EØS-trygderett.

Sjå også nyhendesak: Fakultetene får 20 millioner til å satse på trygderett etter NAV-saken - Rett24

Finansiering

Arbeids- og inkluderingsdepartementet finansierer prosjektet. Avtala mellom fakulteta og departementet er tilgjengeleg her.

 

 

Publisert 12. sep. 2022 14:52 - Sist endra 14. sep. 2022 10:52

Deltakarar

Detaljert oversikt over deltakarar