English version of this page

Feil og følgje i forvaltinga og kva for verknader slike feil kan ha innanfor EU/EØS-retten

Verksemda til forvaltinga er underlagd ei rekkje krav. Eit brot på desse krava medfører at det knyter seg ein feil til den avgjerda som er fatta, avtala som er inngått, eller handlinga som er gjort.

I doktorgradsprosjektet sitt drøftar Siri Kildahl Venemyr kva for verknader slike feil skal eller kan ha.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Om prosjektet

Der det finst ein feil som kan ha hatt tyding for den handlinga som er gjort eller den avgjerda som er fatta, inneber ikkje dette naudsynlegvis at handlinga utløyser erstatningsansvar, straffeansvar eller andre sanksjonar. Avgjerda som er treft treng heller ikkje naudsynlegvis vera ugyldig eller betinge erstatning, og der avgjerda er ugyldig, er han ikkje naudsynlegvis ein nullitet - det kan vera mogleg å angripa han, og feilen kan ramma heile avgjerda, eller bara delar av han.

Kva for følgjer ein feil kan eller skal ha beror på ei samansett vurdering der blant anna årsaka til feilen, omsynet til han som er rørt, tida som er gått, og i viss interesse handlinga eller avgjerda er utførd, må det takast i omsyn til. Dei krav som er brote, og bakgrunnen for desse krava vil òg verka inn.

Hovudmålet med avhandlinga er å drøfta kva for følgje det får at dei krav som vert stilt til forvaltinga er broten. Avhandlinga vil særleg fokusera på kva for ei rolle EU/EØS- retten har for desse vurderingane. Temaet ligg i kjerneområdet av forvaltningsretten, men har òg eit internasjonalt tilsnitt, og gjev opphav til ei rekkje interessante problemstillingar.

Mål

Prosjektet vil vere ferdig i 2020.

Emneord: Forvaltningsrett, Europarett, EØS-rett
Publisert 22. des. 2016 15:41 - Sist endret 13. mai 2019 12:48

Kontakt

Ph.d. kandidat Siri Kildahl Venemyr

Rettleiar:

Professor Tarjei Bekkedal