Disputas: Fallerstatningar

Cand. jur Katrine Broch Hauge vil forsvare sin avhandling for graden Ph.d: Erstatningsnivået ved tvangsovertaking av fallrettar

Bildet kan inneholde: klær, hår, hake, øyenbryn.

Katrine Broch Hauge

Fotograf: Håkon Sparre.

Tid og sted for prøveforelesning

Bedømmelseskomité

  • Professor emeritus  Hans Chr. Bugge, Universitetet i Oslo (1. opponent)
  • Universitetslektor Richard Hager, Uppsala Universitet (2. opponent)
  • Professor Sigrid Eskeland Schütz, Universitetet i Bergen

Leder av disputas

Prodekan Alf Petter Høgberg

Veileder

Sammendrag

Temaet i avhandlinga er kva erstatning du kan ha krav på som eigar av eit vatnfall, dersom det vert ekspropriert. Spørsmålet er særleg aktuelt som fylgje av auka utbygging av småkraftverk, utviding av eksisterande kraftverk og, ikkje minst, bygging av nye kraftprosjekt.

Eit hovedfunn i studien er at det er ein markert avstand mellom idealnorma og utmåling av erstatning ved tvangsovertaking av fallrettar i dag. Idealnorma er i denne samanhengen ein målestokk som gir uttrykk for kva som er ei samfunnsøkonomisk gunstig løysing, og ei løysing som også gir uttrykk for ei viss rettferd mellom den som mister og den som får eigedom overført til seg. Idealnorma vart etablert på grunnlag av empirisk kunnskap om friviljuge falleigeavtalar, innsikt i økonomisk teori og rettferdsteori.

Ei hovudutfordring for den som vil ha kompensasjon er det vi kan omtala som påreknelegvurderingar. Kort sagt betyr det at ein falleigar i skjønnsretten må prova at han sjølv ville ha bygt ut eit kraftverk for å få «full utteljing» i erstatningsutmålinga. Desse påreknelegvurderingane, spådomar om kva som ville ha skjedd om ikkje ekspropriasjonstiltaket var aktuelt, gjer erstatningsutmålinga til ein usikker og lite føreseieleg prosess. Ein annan konsekvens av denne rettsbruken er at det lågaste erstatningsnivået kun er tilgjengeleg for dei største aktørane.

Som fylgje av dei mange små kraftutbyggingane etablerer jordskifterettane i stadig større grad tvungne fellesskap, bruksordningar, med føremål om å leggja til rette for kraftutbygging. I avhandlinga finnest den første grundige analysen av spørsmåla dette reiser, og kva kompensasjonsnorm jordskifteretten skal leggja til grunn i desse sakene.
Eit tredje hovudtema i avhandlinga er kva føringar dei overordna rammene i Grunnlova § 105 og den europeiske menneskerettskonvensjonen TP 1-1 gir for rettsområdet.

Avhandlinga viser for det første at rettferdsideala i dei to føresegnene er på kollisjonskurs. For det andre kjem det fram at også i handhevinga av eigedomsvernet etter Grunnlova § 105 aksepterer Høgsterett at påreknelegvurderingar, spådomar om ei alternativ framtidsutvikling, styrer kva som er eit tilfredsstillande erstatningsnivå. Kontrasten til tilnærminga i Den europeiske menneskerettsdomstolen er slåande.

Domstolen set som eit utgangspunkt krav om ein kompensasjon som kan omtalast som full marknadsverdi for eigedomsinngrep som svarar til tradisjonell ekspropriasjon. Skal ein forlate dette utgangspunktet må den aktuelle staten forklare kvifor det er rimeleg. Alt her har altså Den europeiske menneskerettsdomstolen valt ein annan systematikk enn det som er hovudtilnærminga til Høgsterett.»
 


 

Publisert 13. mai 2015 17:38 - Sist endret 11. mai 2023 09:57