Ein viktig nøkkel til å forstå kvinnene sin status, låg gøymt i eitt ord: ordet maðr (uttale: mathr) med fleirtalsforma mannæ (menn).
Ordet blir brukt mange gonger i Kong Magnus 6. Lagabøters landslov av 1274.
Landslova var ei stor, politisk driven samfunnsreform som prega norsk politikk, rettsliv og daglegliv i 400 år. På 1200-talet var det éi av tre riksdekkande lovbøker i Europa, og den einaste som faktisk vart brukt.
Då Landslova vart omsett frå norrønt til riksmål i 1915, valde omsetjaren å omsetje maðr hovudsakeleg med mann. Det same gjorde både tidlegare og seinare omsetjarar av enkeltlover og lovutdrag, heilt fram til 1997.
– Når vi les desse versjonane av Landslova, får vi inntrykk av at middelaldersamfunnet var dominert av menn. Det er menn som har eigedom, som har offisielle verv, som opptrer på tinget, seier Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo.
Skulle samanlikne 1800- og 1300-talsversjon
Han har leia markeringa av Landslova sitt 750-årsjubileum, noko som har innebore ein mangeårig forskingsinnsats. Det var her det gjekk opp for forskarane at maðr betydde noko anna enn dei hadde tenkt. Sunde arbeider med ein artikkel om oppdaginga..
– Vi hadde allereie ei oppfatning av at kvinnene sine rettar i middelalderen var sterkare enn vi før har trudd, fortel Sunde.
Så ein dag våren 2023, då Sunde sat på Senter for grunnforskning i Oslo og jobba, oppdaga han noko. Han samanlikna eit samandrag av eit middelalderbrev publisert i 1864 med det originale middelalderbrevet frå 1333.
Eit middelalderbrev er eit dokument skrive på kalveskinn. Ofte er det eit rettsleg dokument med opplysningar ein ønskjer å ta vare på for framtida, til dømes ein avtale om eigarskap til ein gard.
Fem hadde kvinnenamn
I samandraget frå 1864 stod det at tolv menn hadde avlagt vitnemål i ei eigedomssak. Men i originalteksten frå 1333 stod namna på dei tolv mennene – og der såg han at fem av dei var kvinner.
"Dette går ikkje i hop, tenkte han. Maðr må bety menneske."
Fleire hadde skrive om ordet tidlegare, men då gjaldt det den meir allmenne bruken av det i det norrøne språket. Ingen hadde for alvor tatt inn over seg at dette også gjaldt i formelle tekstar om lov og rett, og at slike tekstar retta seg nesten like mykje mot kvinner som menn.
– Folk har lese Landslova utan å ta inn over seg at maðr i den som oftast gjaldt kvinner like mykje som menn. Eg gjekk berre rundt og gliste, seier Sunde..
Forskarane bestemte seg for å sjå nærmare på bruken av ordet i Landslova av 1274. I over 400 setningane der maðr var nytta, såg dei at termen i tre av fire tilfelle refererte til både menn og kvinner. I 5 prosent av tilfella refererte han berre til kvinner.
– Det som ved første augekast ser ut som ei lov mynta på eit mannsdominert samfunn, vert dermed ei lov for eit samfunn der både menn og kvinner er tydelege aktørar i rettslivet.
Forskarane har ikkje gjort ei nærlesing av andre middelalderlover, men systematiske undersøkingar av middelalderbrev har vist same mønster.
Blenda av samtidas briller
– Korleis kunne det ha seg at ingen hadde skjønt dette før?
– Eg trur ikkje at det dreier seg om rein logikk. Dette er enkelt nok, og til og med på moderne engelsk tyder «man» både mann og menneske framleis, seier Sunde.
Han utdjupar:
– Dette fortel oss om faren ved å ta eige samfunnssyn inn i tolkinga av historisk materiale. For 1800-talsforskaren var det vanskeleg å sjå kvinnene si sterke stilling i lovene, fordi ho var sterkare enn den stillinga kvinnene hadde på 1800-talet.
Sunde meiner at også andre fordommar kan ha lege i vegen for tolkinga av Landslova.
– Når vi førestiller oss middelaldersamfunnet, førestiller vi oss enkle menneske som lever enkle liv, går i grå vademel og dyrkar jorda si. At alt som skjer, er at dei blir fødde, giftar seg og døyr. I realiteten levde dei i ein fargerik kvardag, full av lukt og kjensler, seier han.
Kvinnene kunne kalle inn til ting
Else Mundal har tidlegare, mellom anna i artikkelen «Kva hadde kvinnene på tinget å gjere» frå 2020, systematisk undersøkt kva rettsleg rolle kvinner vart sagt å ha etter norsk middelalderrett.
Med fornya forståing av ordet maðr, har Sunde og kollegaene sett at kvinnene i middelalderen også var inkluderte i dei rettane som dei trudde berre gjaldt menn.
Til dømes har det tidlegare vore vanleg å seie at det var frie menn som møtte på tinget. Tinget var eit politisk organ som hadde det vi i dag omtalar som ein lovgjevande, dømande og utøvande funksjon.
– No veit vi at det også møtte mange kvinner på tinget. Etter Landslova fekk kvinnene arverett etter foreldra sine, og dei vart myndige når dei fylte tjue år. Dei måtte møte på tinget for å forsvare og forvalte eigedomen sin, seier Sunde.
For gifte kvinner var det ektemannen som rådde over eigedomen, men rådeveldet gjaldt dagleg drift. Mennene kunne ikkje forvalte garden slik at det fekk konsekvensar for eigarskapen.
Eit meir mangfaldig rettsliv
Kvinner kunne også ha offentlege oppgåver. For eksempel kunne dei føre eigne saker på tinget, dei kunne føre saker for eigne barn og også for yngre søsken.
Dei kunne dessutan vere vitne, ekspertvitne og medsverjarar, og dei kunne ha segl, noko som gjorde at dei kunne gje ut offisielle rettsdokument.
– Alt dette har i stor grad blitt oversett i 200 år med forsking, fordi ein har misforstått ordet maðr. Med den nye forståinga vert rettslivet i middelalderen langt meir mangfaldig og samansett, meiner han.