Vi reiser saman frå Universitetsplassen kl 11. Alternativt køyring i eigen bil til Bysetermåsan utfartsparkering med oppmøte seinast 11.45. Felles retur til Oslo sentrum frå parkeringa kl 15.00.
Hovudmålet for dagen er å delta i, og få informasjon om restaurering av ei myr ved Kjerringhøgda.
Restaureringa skal her føregå for hand, og ikkje ved hjelp av gravemaskiner osv. som er meir vanleg. Så her blir det både innføring i kva arbeid ein må gjere, og mogleg å delta i sjølve arbeidet for dei som ynskjer det. Oppstart av arbeidet er søndag f.k, så når vi kjem ut dit på fredagen er det spennande å sjå kva som alt er gjort.
Sidan vi er i Østmarka vil det naturleg nok også bli informasjon om opprettinga av Østmarka nasjonalpark, og litt om kva arbeid som føregår i forvaltninga av parken no.
Påmelding seinast ila 2. juni av omsyn til transport:
Vi oppmodar alle om å ta med seg matpakka og termos – og kanskje kan det bli noko servert noko søtt undervegs!
Naturressurslunsjen er ope for alle interesserte.
Meld deg gjerne på vår e-postliste og få varsling om kommande arrangement.