CCTC Kriminalitetskontroll og teknologisk kultur

Status
Avslutta

Dette prosjektet utforska korleis IKT endrar både dei praktiske og dei kulturelle aspekta ved kriminalitetskontrollen.

Kriminalitetskontrollen på tidleg 2000-tal baserte seg i stadig større grad på bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, til dømes databasar og register, fjernsynsovervaking, risikoprofilering og kriminalitetskartlegging. Teknologibaserte kontrollstrategiar var drivne av ein annan logikk enn tradisjonell kriminalitetskontroll og tradisjonelt politiarbeid. Dei reagerte ikkje berre på fortidige kriminelle hendingar, men var også framtidsorienterte og drivne av ein logikk prega av risikominimalisering.

Formålet med prosjektet "Kriminalitetskontroll og teknologisk kultur" (CCTC) var å utforske korleis IKT endrar både dei praktiske og dei kulturelle aspekta ved kriminalitetskontrollen.

Eit sentralt spørsmål i prosjektet var korleis risiko blei konstruert som sosialt faktum, og kva rolle dei nye kommunikasjonsteknologiane hadde i denne prosessen.

Andre spørsmål som blei stilte:

  • Kva var føresetnaden for og konsekvensane av at kriminalitetskontrollen i aukande grad vart teknologibasert?
  • Kva innverknad har informasjons- og kommunikasjonsteknologien på politiet si oppfatning av kriminalitet, risiko og farlege befolkningsgrupper?
  • Kva skjer med tradisjonelle rettsstatsprinsipp som rettstryggleik og proporsjonalitet i eit stadig meir proaktivt og risikobasert kontrollapparat?

Delprosjekt

IKT og grensekontroll

Ansvarleg: Katja Franko

Risikotenking er ein global aktivitet der informasjons- og kommunikasjonsteknologi speler ei avgjerande rolle i å halde oversikt over globale straumar av folk, pengar og varer. På første halvdel av 2000-talet utgjorde ei rekkje informasjonssystem, til dømes i Schengen-området, eit sentralt element i kontrollen av stadig meir mobile befolkningar.

Politiet har også hatt ein lang tradisjon for etnisitetsrelaterte aktivitetar. Hendingar som 11. september 2001 og den påfølgjande «krigen mot terror» gav etnisitet og religiøs tilhøyrsel auka aktualitet som oppfatta risikofaktorar. Risikokommunikasjon som refererte til etnisitet, skapte ei rekkje etiske dilemma som kravde grundig utgreiing.

Dette delprosjektet undersøkte kontrollen av globale menneskestraumar, særleg i samband med grensekontroll. Vidare undersøkte prosjektet vektlegginga av etnisitet og religiøs tilhøyrsel som moglege indikatorar på risiko og fare. Prosjektet såg på dei teknologiske og kulturelle aspekta ved politiet sin kommunikasjon om etniske grupper. Fleire analytikarar har peika på dei særeigne ontologiske eigenskapane til databasane og den spesifikke relevansen dei har for spørsmål om identitetskonstitusjon (Postar, 1990). 

Spørsmål som blei stilte:

  • Kva type kunnskap om etniske og rasemessige grupper gir desse til politiet og samfunnet generelt?
  • Korleis blir identitet konstruert i polisiære diskursar?
  • Korleis blir han formidla innanfor systema og til allmenta?
  • Korleis påverkar databasar som teknologiske verktøy og som spesifikke diskurssituasjonar prosessen med identitetskonstitusjon?

Målet med delprosjektet var å sjå korleis etnisk og religiøs identitet blir konstituert innanfor diskursen i databasane til politiet.

IKT, yrkeskulturar og kunnskapsarbeid i politiet

Ansvarleg: Helene Gundhus 

Kunnskapsbasert politiarbeid er i stor grad avhengig av IKT. Frå 2000 til 2006 undersøkte Gundhus korleis politiet bruker IKT i førebyggjande og proaktivt arbeid med mål om å vere risiko- og kunnskapsstyrt, føregripande og framtidsretta.

Prosjektet tok utgangspunkt i to feltstudiar i Oslo politidistrikt. Gundhus utforska kvardagspraksis og den lokale konteksten der teknologien blei teken i bruk. Den eine eininga var ein spesialseksjon som kjempa mot organisert kriminalitet ved hjelp av etterretning, kommunikasjonskontroll og kriminalanalysar. Den andre var ein politistasjon som hadde innført problemorientert politiarbeid (POP) som hovudstrategi. Her spelte elektroniske kartsystem ei sentral rolle.

For å kaste lys over IKT-bruken stilte prosjektet fleire empiriske spørsmål:

  • Kva er politiinformasjonen laga for, kva funksjon har han?
  • Kva blir oppfatta som relevant informasjon?
  • Korleis skaffar politiet denne informasjonen, og korleis bruker dei han?
  • Korleis bør informasjonen innhentast og brukast i lys av målsetjingar og policydokument?

Eit hovudfunn var at IKT i praksis meir blei brukt til å auke politikontrollen enn til å fremje samarbeid og styrkje det førebyggjande samfunnsmandatet til politiet. Prosjektet fann at dei nye styringsformene kunne opne relasjonen mellom politiet og samfunnet, men dei kunne også føre til auka spesialisering og profesjonell lukking. Kunnskapsbasert politiarbeid var og er i eit press mellom krav om høgare oppklaringsprosent, auka dokumentasjon og behovet for betre førebygging av kriminalitet og uorden.

Eit anna funn var at kjønna tolkingar av kriminalitetsførebygging påverka korleis ein tolka risikohandtering, og korleis teknologien blei brukt. Prosjektet undersøkte også etiske dilemma knytte til IKT-bruk, mellom anna rolla politiet har i å førebyggje framtidig kriminalitet. Studien analyserte kvar dei nye strategiane plasserte seg i spennet mellom inkluderande og ekskluderande former for sosial kontroll.

Videoovervaking av det offentlege rom

Ansvarleg: Heidi Mork Lomell

Lomell gjennomførte i alt tre observasjonsperiodar i overvakingssentralen til politiet ved Oslo S. I tillegg gjennomførte ho kortare observasjonsstudiar i to andre overvakingssentralar i nærområdet. Desse danna grunnlaget for ein analyse av videoovervakinga til politiet i Oslo sentrum, ei samanlikning av videoovervaking i privat og offentleg regi og ein analyse av korleis kontrolloppgåver og kontrollfunksjonar blir fordelte og forskuva mellom private og offentlege aktørar. Observasjonsdataa handla først og fremst om korleis operatørane utfører videoovervakinga i praksis, kva operatørane «ser» der ute, kva dei gjer med det dei ser, korleis dei gjer bruk av overvakingsteknologien, kva overvakingsbileta blir brukte til, og korleis politi- og kontrolloppgåver og politi- og kontrollfunksjonar blir påverka av bruken av overvakingskamera.

Lomell ville finne ut kva videoovervaking inneber i praksis for dei som bruker ho. Overvakingsteknologien pregar omgivnadene like mykje som omgivnadene pregar han. Overvakingskamera, og det utstyret som følgjer med, fremjar visse handlemåtar, både for dei som blir overvakte, og dei som overvaker. Samtidig vil overvakingsteknologien bli prega av dei organisatoriske og strukturelle kontekstane han blir installert og brukt innanfor.

Dei teoretiske tilnærmingane i prosjektet var mangearta. Lomell brukte først og fremst nyare kontrollteori om konsekvensar av bruk av teknologi i kontrollapparatet, risikoteori og teoriar om privatisering og kommersialisering av både kriminalitetskontroll og det offentlege rommet. Eit sentralt tema var korleis grunnleggjande rettsstatsprinsipp blir sette på prøve i overvakingssamfunnet.

Delprosjektet førte fram til doktoravhandlinga Det selektive overblikk: en studie av videoovervåkningspraksis, som blei levert 21. juni 2005.

Avhandlinga blei revidert og publisert på Universitetsforlaget i 2007 med tittelen Selektive overblikk: en studie av videoovervåkingspraksis.

Publikasjonar

Utvalde publikasjonar

Aas, Katja Franko, Helene Oppen Gundhus & Heidi Mork Lomell (red.) (2009): Technologies of InSecurity. The Surveillance of Everyday Life. Abingdon, Oxon: Routledge - Cavendish

Franko Aas, Katja (2007): Globalization & Crime. London: SAGE Publications.

Franko Aas, Katja (2007): "Analysing a world in motion: Global flows meet 'criminology of the other'". I: Theoretical Criminology, vol. 11 no. 2, s. 283-303.

Franko Aas, Katja (2006): "Beyond ’the desert of the real’: crime control in a virtual(ised) reality". I : Y. Jewkes (red.) Crime Online. Cullompton: Willan Publishing.

Franko Aas, Katja (2006): "Ta vare på deg selv, lommeboka, mobilen og dine venner". I: Thomas Hylland Eriksen (red.) Trygghet. Oslo: Universitetsforlaget.

Franko Aas, Katja (2006): 'The body does not lie': Identity, risk and trust in technoculture. I: Crime Media Culture 2 (1). pp. 143-158.

Franko Aas, Katja (2005): 'Getting ahead of the Game: border technologies and the changing space of governance'. I: E. Zureik og M. Salter (red.) Global Surveillance and Policing: Borders, security, identity. Cullompton: Willan Publishing.

Franko Aas, Katja (2005): Sentencing in the age of information: From Faust to Macintosh. Cavendish Publishing, Glasshouse Press

Franko Aas, Katja (2005): 'The ad and the form: punitiveness and technological culture' I: J. Pratt et al (red.) The New Punitiveness: Trends, theories, perspectives. Cullompton: Willan Publishing, pp: 150 - 167.

Franko Aas, Katja (2004): 'Kroppen lyver ikke': Identitet og tillit i en teknokultur. I : Sosiologi i dag, årgang 34, nr. 3/2004. s. 7-25

Franko Aas, Katja (2004): From Narrative to Database: Technological Change and Penal Culture. I: Punishment & Society. 6 (4). p 379-393

Franko Aas, Katja (2004): Sentencing Transparency in the Information Age. I: Journal of Scandinavian Studies in Criminology and Crime Prevention. 5 (1). p 48-61

Franko Aas, Katja (2003): Fra Faust til Macintosh: straffeutmåling i en IKT-tid. I : IKT etter dotcom-boblen (red. Helge Godø), Oslo: Gyldendal Akademisk

Franko Aas, Katja (2003): From Faust to Macintosh: Sentencing in the Age of Information, Doctoral thesis, University of Oslo

Gundhus, Helene Oppen (2008): "Kunnskapsarbeid og yrkeskulturer i politiet." I: Policing in Scandinavia. Proceedings from the conference on police research in Växjö august 2007. Rolf Granér og Paul Larsson (red). Växjö: Växjö university studies in policing (NR 005-2008)

Gundhus, Helene Oppen og Paul Larsson (2007): "Policing i et norsk perspektiv." I: Polisiær virksomhet: Hva er det - Hvem gjør det? Red. Helene Oppen Gundhus, Paul Larsson & Tor-Geir Myhrer. Oslo: Politihøgskolen (PHS Forskning 2007:7)

Gundhus, Helene Oppen (2007): Suksesskriterier for godt politiarbeid. I: Nordisk Tidsskrift for Kriminalvidenskab 94 (2)

Gundhus, Helene Oppen (2006): 'For sikkerhets skyld'. IKT, yrkeskulturer og kunnskapsarbeid i politiet. Oslo: Universitetet i Oslo (Dr.polit-avhandling)

Gundhus, Helene Oppen (2005): “‘Catching' and ‘Targeting': Risk-Based Policing, Local Culture and Gendered Practices”. I: Journal of Scandinavian Studies in Criminology and Crime Prevention , 6(2).

Gundhus, Helene Oppen (2005). ”IKT og forebyggende politiarbeid”. I: Politirollen gjennom 100 år : tradisjon og endring. Marit Egge og Jon Strype (red.) Oslo : Politihøgskolen. PHS forskning, 2005:2

Gundhus, Helene Oppen (2005). ”'Ingen rette linjer' - IKT og forebyggende politiarbeid”. I: Brottsprevention - Crime Prevention" & "Fängelseforskning – Imprisonment Rapport från NSfK:s 47. forskarseminarium, Oslo 2005 . Stockholm: Nordisk Samarbejdsråd for Kriminologi.

Gundhus, Helene Oppen (2003): Policing as risk communications. I: Crime and Crime Control in an Integrating Europe . NSfK's 45th Research Seminar Helsinki , Finland 2003. Finland : Scandinavian Research Council for Criminology

Gundhus, Helene Oppen (2002): Politikontroll og overvåking i endring. I: Materialisten. Tidsskrift for forskning, fagkritikk og teoretisk debatt. vol. 30 nr 3. s. 51-62

Gundhus, Helene Oppen (2000): Nye kontrollmetoders virkninger på forståelsen av avvikende handlinger, I: "Kriminalitet er ikke hva den var" - avviket i historisk lys : rapport fra NSfKs 42. forskerseminar . København: Scandinavian Research Council for Criminology

Lomell, Heidi Mork (2007): "Videoovervåking - ulike logikker mellom private og politiet." I: Polisiær virksomhet: Hva er det - Hvem gjør det? Red. Helene Oppen Gundhus, Paul Larsson & Tor-Geir Myhrer. Oslo: Politihøgskolen (PHS Forskning 2007:7)

Lomell, Heidi Mork, Johanne Yttri Dahl og Ann Rudinow Sætnan (2007): Å se og bli sett: Kommunikative aspekter ved videoovervåking. I: Kommunikasjonssamfunnet. Noral Levold og Hendrik Spilker (red.). Oslo: Universitetsforlaget

Lomell, Heidi Mork (2007): Selektive overblikk. En studie av videoovervåkingspraksis. Oslo: Universitetsforlaget.

Lomell, Heidi Mork (2006): "Kriminalpolitikkens rekkevidde i det offentlige rom." I : Nordisk Tidsskrift for Kriminalvidenskab. Vol. 93, nr. 3, s. 274-288

Lomell, Heidi Mork (2006): "-Menneskerettigheter er vel og bra, men for hvem? Offeret eller gjerningsmannen?" I: Nordisk Tidsskrift for Menneskerettigheter. Vol. 24, nr. 1, s. 59-74

Lomell, Heidi Mork (2005): Det selektive overblikk. En studie av videoovervåkingspraksis. Oslo : Universitetet i Oslo (Dr.polit-avhandling)

Lomell, Heidi Mork (2005): Videoovervåking og menneskerettigheter. I: Nordisk Tidsskrift for Menneskerettigheter. Vol. 23, nr. 1, s. 32-46

Lomell, Heidi Mork (2004): Targeting the Unwanted. Video Surveillance and Categorical Exclusion in Oslo. I: Surveillance & Society. Vol. 2, nr. 2/3, s. 346-360

Lomell, Heidi Mork, Ann Rudinow Sætnan og Carsten Wiecek (2003): Flexible technology, structured practices: Surveillance operations in 14 Norwegian and Danish organisations. UrbanEye: Working Paper No. 9. http://www.urbaneye.net/results/ue_wp9.pdf

Lomell, Heidi Mork (2000): Folk vi kunne vært foruten: Politikere og narkomane uønsket. I: Plan. Tidsskrift for samfunnsplanlegging, byplan og regional utvikling. Nr. 5/2000. s. 11-15

Lomell, Heidi Mork (2000): "SMIL! Området er fjernsynsovervåket". I: Materialisten. Tidsskrift for forskning, fagkritikk og teoretisk debatt. 1/2 2000. s. 7-21

Lomell, Heidi Mork (1999): Byens enøyde voktere. I: Den trygge byen. Kriminalitetsforebyggende planlegging. Red. Tina Skouen. Oslo : Norsk Form. s. 49-65

Sætnan, Ann Rudinow, Heidi Mork Lomell og Carsten Wiecek (2004): Controlling CCTV in Public Spaces. Is Privacy the (Only) Issue? I: Surveillance & Society. Vol. 2, Issue 2/3, s. 396-414

Sætnan, Ann Rudinow, Johanne Yttri Dahl og Heidi Mork Lomell (2004): Views from under surveillance. Public opinion in a closely watched area in Oslo. UrbanEye: Working Paper No. 12. http://www.urbaneye.net/results/ue_wp12.pdf

Prosjektperiode

2003–2007

Deltakarar

Finansiering

Støttet av Forskningsrådet

Prosjektnummer: 157488

Prosjektet blei finansiert av Noregs forskingsråd under det såkalla KIM-programmet, som hadde som formål å utforske korleis IKT endra både dei praktiske og kulturelle aspekta ved kriminalitetskontrollen.

English version of this page
Publisert 22. juni 2026 09:33 - Sist endra 28. aug. 2026 13:43