Kommande val
Hausten 2025 skal tre nye leiarar ved følgjande institutt veljast:
- Institutt for offentleg rett
- Institutt for kriminologi og rettssosiologi
- Nordisk institutt for sjørett
Funksjonstida er 01.01.2026 - 31.12.2029. Vervet som instituttleiar er skildra i Styrings- og administrasjonsreglementet § 30.
Dersom du er knytt til eit av institutta som held val, mottek du informasjon om valet på e-post.
Kandidatforslag
Instituttleiar blir valt av tilsette og registrerte studentar ved gjeldande institutt.
Eit kandidatforslag skal leggjast fram skriftleg for valkomiteen. Kandidatforslag ved val av instituttleiar skal vere underskrive av minst fem personar med stemmerett i valkrinsen. Ingen kan skrive under på meir enn eit forslag til samme verv. Alternativt kan tilsette som anten sjølv ynskjer å stille til val, eller som har forslag til kandidatar, ta kontakt med ein medlem av valkommiteen.
Om forslagrett og forslag gjeld Valgreglement for Universitetet i Oslo § 10.
Stemmerett
Desse har stemmerett:
- faste vitskaplege tilsette ved gjeldande institutt
- midlertidig vitskaplege tilsette ved gjeldande institutt
- teknisk- og administrative tilsette ved gjeldande institutt
- semesterregistrerte studentar ved gjeldande institutt
Gjennomføring av val
Valet gjennomførast på ein av to måtar:
- Som elektronisk preferanseval om det er to eller fleire kandidatar som stiller til val.
- Hvis det kun er eitt kandidatforslag, blir kandidaten valt av det sittande instituttstyret iht. Valgreglement for Universitetet i Oslo § 26 pkt. 2..
Elektronisk val gjennomførast 13. - 20. oktober 2025.
Resultata blir kunngjort 21. oktober 2025.
Valkomitear
Fakultetsstyret har utpeika ein valkomite for kvart institutt. Sjå valkomiteenes samansetning nedanfor:
Valkomité for Institutt for offentleg rett
- Førsteamanuensis Anine Kierulf, med professor Vibeke Blaker Strand som vara
- Professor Christoffer C. Eriksen, med stipendiat Øystein Baste som vara
- Seniorkonsulent Margrethe Østbø, med seniorrådgiver Elisabeth Wenger Hagene som vara
- Student Silje Duus, med student Kristin Sønnesyn Berg som vara
Valkomité for Institutt for kriminologi og rettssosiologi
- Professor Helene Oppen Ingebrigtsen Gundhus
- Postdoktor Randi Solhjell
- Kontorsjef Eivind Roll
- Student Pernille Våge
Valkomité for Nordisk institutt for sjørett
- Professor Ola Mestad
- Stipendiat Gullik Fjordbo
- Kontorsjef Bente Lindberg Kraabøl
- Student Victoria Andrup
Valstyre
Fakultetsstyret har utpeika eit fakultetsvalstyre for perioden 01.01.23-31.12.26. Valstyret er:
- førsteamanuensis Sofie Høgestøl (leder) med professor Katrine Kjærheim Fredwall som vara
- stipendiat Johanne Løvli Harstad
- student Tobias A. S. Isaksen
- seksjonssjef Steinar Hafto Myre
Valstyret har ansvar for at val av dekan og prodekan, instituttleiar og nestleiar for instituttleiar, samt val til fakultetsstyre og instituttstyre/-råd gjennomførast i tråd med UiOs valgreglement.
Fakultetsdirektøren organiserer eit fast valsekretariat under valstyret. Rådgjevar Victoria Alice Knutsen Hatløy er kontaktperson for valsekretariatet.