Den digitale jurist

Prosjektet “Den digitale jurist” har som mål å omstille jussutdanninga slik at kandidatar skal vere betre rusta til å møte morgondagens digitale utfordringar - både i arbeidslivet og samfunnet.

Tenkende robot. Illustrasjonsbilde

(illustrasjon: Shutterstock)

Styrkt kopling til digitalisering og ny teknologi

Utgangspunktet til prosjektet er eit behov for å førebu jusstudentar på ei framtid der dei skal administrere rettslege prosessar med teknologi, ha grunnleggjande digitale ferdigheiter og som jurist aktivt støtte utviklinga av nye teknologiske prosessar på tvers av disiplinar.

Prosjektet Den digitale jurist ønskjer å utvikle jussutdanninga i denne retninga gjennom ei sterk kopling til praksisfeltet. Eit av måla med prosjektet er å setje studentane i stand til å forstå korleis digitale og automatiserte system er bygde opp, og kva konsekvensar teknologiske endringar har for rettsvitskapen. Vidare skal dei få opplæring i grunnleggjande datavitskaplege og statistiske metodar slik at dei kan bidra i utvikling av rettsleg teknologi.

Prosjektet legg også opp til ei kopling til praksisfeltet ved at studentane skal få høve til å lære kollektiv rettsleg problemløysing gjennom gruppearbeid om arbeidslivsrelevante prosjekt i samarbeid med eksterne aktørar.

Prosjektet omfattar fire valemne i jusstudiet:

Kontakt

Finansiering

Prosjektet er tildelt støtte frå Diku - Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (tidl. Noregsuniversitetet), NOK 610.000,- fordelt på 2019 og 2020.

Samarbeid

Prosjektet har ei rekkje eksterne samarbeidspartnarar.

Aktuelt

  • CELL har søkt om prosjektmidlar for å utvikle Den digitale rettsalen til ei intern UiO-utlysing om digital vurdering. Vi søkjer om å utvikle ei ny digital læringsplattform som eit ledd i arbeidet CELL gjer med å utvikle erfaringsbaserte læringsmetodar i rettsstudiet. CELL har søkt om midlar for å utvikle plattforma og for å utvikle eit automatisk tilbakemeldingsverktøy på bakgrunn av det digitale tekstkorpuset av eksamensoppgåver og innleveringsoppgåver fakultetet har tilgjengeleg.   
  • Lovkonferansen 2019: Om lovgjeving, lovspråk og lovforvaltning
  • Heather Broomfield blir tilknytt Institutt for offentleg rett som stipendiat for å skrive ein ph.d. om "Algorithmic Governance"

Presseomtale

 

 

Publisert 14. juni 2020 13:12 - Sist endret 18. sep. 2021 12:02