Menneskerettsutdanning
Menneskerettsutdanning er ei rett i seg sjølv, og ein føresetnad for vernet av menneskerettane. SMR sitt arbeid har som mål å setje statlege aktørar, akademia og sivilsamfunnet i stand til å fremje menneskerettar i tråd med FNs menneskerettskonvensjonar, gjennom støtte til menneskerettsundervisning.
Kva vi gjer
- Vi arbeider med menneskerettsundervisning i fleire land, med særleg fokus på land der den akademiske fridomen er under press, og der tilgangen til forsking og menneskerettsundervisning på universitetsnivå er avgrensa.
- Vi støttar akademikarar, studentar og forskarar i å få tilgang til kunnskap og ressursar om menneskerettar
- Vi organiserer opplæring i FNs mekanismar i Genève, retta mot sentrale akademiske stemmer på menneskerettsfeltet
- Vi utviklar og omset kvalitetssikra publikasjonar om menneskerettar, og gjer dei meir allment tilgjengelege
- Vi bidreg til internasjonal nettverksbygging gjennom akademiske utvekslingar med SMR
- Vi støttar undervisning og forsking om kjønn og kvinners rettar i Kina
- Vi støttar undervisning, forsking og publisering om menneskerettar og fred i våre partnarland
Nyheiter
-
Safeguarding Scholarship in Southeast Asia: ASEAN Scholars at EuroSEAS 2026 15. okt. 2026 13:58
-
Strengthening Euro-Sino human rights education at university level 8. sep. 2026 13:02
-
Peace education meets transformative action 28. aug. 2026 16:23