English version of this page

Kystsoneforvaltning og private rettar

Dette forskingsprosjektet undersøkjer rammevilkåra for ei heilskapleg forvalting av areal og ressursar i kystsona på tvers av sektorar og styresmaktsnivå.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Om prosjektet

Kystsona er ein attraktiv arena for både matproduksjon og energiproduksjon. Aktivitetar som etter alt å dømma vert endå viktigare som følgje av eit grønt skifte. Forskingsprosjektet undersøkjer rammevilkåra for ei heilskapleg forvalting av areal og ressursar i kystsona på tvers av sektorar og styresmaktsnivå.

Skal ein etablera ny verksemd i kystsona, må aktiviteten tillatast gjennom plan- og bygningslova eller andre styringslovar. Eksisterande private rettar kan både gje føringar for kva som kan planleggjast av ny aktivitet, men òg utfordra gjennomføringa av planlagd ny verksemd. Til dømes kan fiskeoppdrettanlegg og anlegg for fritidsbåter sjenera naboeigedom på ein måte som strider mot lova eller krenkja strandretten.

På den andre sida kan nettopp planlegging og tilrettelegging for ein bestemd type verksemd skapa forventingar som gjer det aktuelt å spørja om ikkje etablerte rettar òg kan forandrast som følgje av offentleg styring.

Naturressursgruppa har ansvaret for ein av fem arbeidspakkar (Rettar i kystsona). I tillegg er naturressursgruppa deltakar i to av dei andre arbeidspakkane.

Mål

Prosjektet har som mål å publisera vitskaplege artiklar frå forskarar og vitskapleg assistentar som er tilsett i prosjektet.

Bakgrunn

Prosjektet er ein del av prosjektet PlanCoast – forvaltning og planlegging av areal og rettar i kystsona ved  Noregs Miljø- og Biovitenskapelige universitet (NMBU)

Finansiering

Prosjektet finansierast gjennom Noregs forskningsråd i perioden 2016 - 19.

Resultat

Resultata frå prosjektet vil publiserast på nett og instituttet si eige tidsskriftserie MarIus.

 

 

 

Emneord: kystsoneforvaltning, ressurser, oppdrett
Publisert 7. mars 2017 16:12 - Sist endret 17. okt. 2017 16:57