Forsiden UiO Det juridiske fakultet Nordisk institutt for sjørett
print logo

Om Nordisk institutt for sjørett

Nordisk institutt for sjørett skal vere eit ressurssenter for alle som arbeider med forsking knytt til sjørett, petroleums- og energirett i Norden. NIFS har studentar og samarbeidspartnarar frå heile verda.

Medan Domus Media (biletet) vert pussa opp held delar av instituttet til i St. Olavs gate 23. (Foto: UiO)

Medan Domus Media (biletet) vert pussa opp held delar av instituttet til i St. Olavs gate 23. (Foto: UiO)

Forskningsområda ved Instituttet spenner frå sjørett og forsikringsrett til petroleums- og energirett. NIFS er også vertskap for forskargruppa i naturressursrett.

Tilbyr enkeltemne

NIFS tilbyr fleire enkeltståande juridiske emne innan sjørett, petroleumsrett, generell transportrett og andre nært tilknytta område, som til dømes forsikringsrett. Desse emna kan vere ein del av mastergraden i rettsvitskap, eller etter- og vidareutdanning.

Om lag 100 studentar følgde i 2008 NIFS sitt studietilbod innan tre internasjonale masterprogram:
LL.M in Maritime Law
Master of Arts in Risk Management and Marine Insurance
North Sea Energy Law programme (NSELP) 

Seminar 

NIFS gjev også etter- og vidareutdanning for ferdig utdanna juristar, i form av seminar. Eksempel på desse er Nordisk sjørettsseminar og onsdagsseminara på instituttet.

NIFS gjev ut skriftserien MarIus, og har eit bibliotek med bøker og tidsskrift om sjørett, annan transportrett og havrett. 

To avdelingar

Instituttet vart oppretta i 1963 og har i dag to avdelingar: Avdeling for sjørett og Avdeling for petroleums- og energirett. NIFS har kring 40 tilsette.

NIFS får støtte frå Nordisk Ministerråd og Oljeindustriens Landsforening.
 

Publisert 23. okt. 2009 01:10 - Sist endret 5. jan. 2012 14:43