English version of this page

Om CELL

CELL er eit fagleg ressurssenter ved Det juridiske fakultet som vart oppretta i 2018. I 2020 fikk senteret status som Senter for framifrå utdanning (SFU). 

CELL fremjar og utviklar erfaringsbaserte og studentaktive undervisings- og vurderingsformer. Senteret vårt består av vitskapleg tilsette, studentar og pedagogar, og studentteamet er involvert i alle prosjekt. Saman har vi som mål å utvikle framtidas juristutdanning. 

Overordna mål

Gjennom erfaringsbasert læring og omfattande studentmedverknad jobbar vi mot følgjande overordna mål som eit SFU:

  1. Betre kvaliteten på læringsprosessar
  2. Gje relevante ferdigheiter til framtidige juristar
  3. Legge til rette for studentforsking og samfunnsbidrag
  4. Forbetre læringsmiljøet til studentane ved å gå frå ein prestasjonskultur til ein læringskultur
  5. Utvikle ein kultur for undervisningsutvikling, altså eit praksisfellesskap

Bakgrunn

CELL er eit resultat av engasjerte tilsette og studentar, samtidig er det eit svar på samfunnsendringar og endringar i juristar si rolle

Les meir om CELL sin bakgrunn

Organisering

Finansiering

Status som SFU blir tildelt av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). CELL er samfinansiert av HK-dir, Det juridiske fakultet og UiO.

Vi er også involverte i prosjekt med finansiering frå andre ordningar.

Strategier og rapporter