Kystsoneforvaltning og private rettar (PlanCoast)
Dette forskingsprosjektet undersøkjer rammevilkåra for ei heilskapleg forvalting av areal og ressursar i kystsona på tvers av sektorar og styresmaktsnivå.

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Om prosjektet
Kystsona er ein attraktiv arena for både matproduksjon og energiproduksjon. Aktivitetar som etter alt å dømma vert endå viktigare som følgje av eit grønt skifte. Forskingsprosjektet undersøkjer rammevilkåra for ei heilskapleg forvalting av areal og ressursar i kystsona på tvers av sektorar og styresmaktsnivå.
Skal ein etablera ny verksemd i kystsona, må aktiviteten tillatast gjennom plan- og bygningslova eller andre styringslovar. Eksisterande private rettar kan både gje føringar for kva som kan planleggjast av ny aktivitet, men òg utfordra gjennomføringa av planlagd ny verksemd. Til dømes kan fiskeoppdrettanlegg og anlegg for fritidsbåter sjenera naboeigedom på ein måte som strider mot lova eller krenkja strandretten.
På den andre sida kan nettopp planlegging og tilrettelegging for ein bestemd type verksemd skapa forventingar som gjer det aktuelt å spørja om ikkje etablerte rettar òg kan forandrast som følgje av offentleg styring.
Naturressursgruppa har ansvaret for ein av fem arbeidspakkar (Rettar i kystsona). I tillegg er naturressursgruppa deltakar i to av dei andre arbeidspakkane.
Mål
Prosjektet har som mål å publisera vitskaplege artiklar frå forskarar og vitskapleg assistentar som er tilsett i prosjektet.
Bakgrunn
Prosjektet er ein del av prosjektet PlanCoast – forvaltning og planlegging av areal og rettar i kystsona ved Noregs Miljø- og Biovitenskapelige universitet (NMBU)
Finansiering
Prosjektet finansierast gjennom Noregs forskningsråd i perioden 2016 - 20.
Resultat
Resultata frå prosjektet vil publiserast på nett og instituttet si eige tidsskriftserie MarIus.