Kvart år blir UiOs bærekraftpris for beste masteroppgåve delt ut til tre studentar som har bidrege til ny kunnskap kring klima, miljø og bærekraftig utvikling. Elizabeth C. Brittan, som har ein master i Public International Law med spesialisering i International Economic Law & Sustainable Development, er ein av årets vinnarar.
Parisavtalen i rettsvesenet
Mange kjenner nok Parisavtalen, ein global traktat frå 2015 der store delar av verdas nasjonar saman har forplikta seg til å kjempe mot klimaendringar med mål om å begrense den globale temperaturaukinga til godt under 2 grader celcius.
– Innleiingsvis hadde eg tenkt å skrive om heile Parisavtalen og korleis den vert brukt i rettsvesenet for å halde bedrifter ansvarlege. Men så byrja eg å skrive om artikkel 6.4, fordi eg syntest dette var eit interessant område, og så heldt eg fram med å skrive om artikkel 6.4 og skreiv aldri om resten, seier Brittan.
Klimakvoter og karbonkredittar
Det er eit komplekst tema Brittan har valt å dykke inn i. I avhandlinga “Emission Impossible? Does Article 6.4 Establish an Effective and Sustainable International Carbon Market?”, ser ho på reglane for internasjonal handel med klimakvoter og karbonkreditt som er etablert under Parisavtala, og i kva grad desse reglane er eigna for å oppnå miljøintegritet og fremje bærekraft.
– Det noverande økonomiske systemet vårt ikkje er bygd for å løyse klimakrisa; det er basert på kortsiktig profitt, ikkje langsiktige samfunnsideal. Bedrifter får få reelle insentiv til å opptre ansvarleg og bærekraftig. Å endre systemet er naudsynt, men systematiske endringar tek tid, og klimakrisa er her no. Så det presserande spørsmålet er: korleis kan vi skape dei manglande insentiva i mellomtida? Kan vi bruke motivet om profitt til å presse bedrifter til å redusere eller fjerne utsleppa sine? Og om så er tilfelle, vil det vere effektivt? berekraftig? Vil verksemder i det heile delta?
Funn delt med FN-organ
FN har eit eige styringsorgan som ser på kvotehandel (Art. 6.4 Supervisory Body). Dei har fått ein kopi av Brittan si avhandling for å inkludere funna hennar i forhandlingane kring framtidig utvikling av reglar.
– Eg håpar dei les avsnitta om karbonfjerning, for det er noko eg håpar kan bli regulert betre, sier Brittan.