Pågåande val
Hausten 2026 skal ein ny leiar ved følgjande institutt veljast:
- Institutt for privatrett
Funksjonstida er 01.01.2027 - 31.12.2030. Vervet som instituttleiar er skildra i Styrings- og administrasjonsreglementet § 30.
Dersom du er knytt til instituttet som held val, mottek du informasjon om valet på e-post.
Kandidatforslag
Instituttleiar blir valt av tilsette og registrerte studentar ved gjeldande institutt.
Eit kandidatforslag skal leggjast fram skriftleg for valkomiteen. Kandidatforslag ved val av instituttleiar skal vere underskrive av minst fem personar med stemmerett i valkrinsen. Ingen kan skrive under på meir enn eit forslag til samme verv. Alternativt kan tilsette som anten sjølv ynskjer å stille til val, eller som har forslag til kandidatar, ta kontakt med ein medlem av valkommiteen.
Om forslagrett og forslag gjeld Valgreglement for Universitetet i Oslo § 10.
Forslagsfristen for å fremme kandidatar til vervet er 1. oktober.
Stemmerett
Desse har stemmerett:
- faste vitskaplege tilsette ved gjeldande institutt
- midlertidig vitskaplege tilsette ved gjeldande institutt
- teknisk- og administrative tilsette ved gjeldande institutt
- semesterregistrerte studentar ved gjeldande institutt
Gjennomføring av val
Valet gjennomførast på ein av to måtar:
- Som elektronisk preferanseval om det er to eller fleire kandidatar som stiller til val.
- Hvis det kun er eitt kandidatforslag, blir kandidaten valt av det sittande instituttrådet iht. Valgreglement for Universitetet i Oslo § 26 pkt. 2..
Elektronisk val gjennomførast 12.-19. oktober 2026.
Resultatet blir kunngjort 27. oktober 2026.
Valkomité
Fakultetsstyret har utpeika ein valkomite for Institutt for privatrett:
- Professor Geir Stenseth (leder)
- Professor Marte Kjørven
- Kontorsjef Eli Knotten
- Student Iben Vislie Mikkelsen
Valstyre
Fakultetsstyret har utpeika eit fakultetsvalstyre for perioden 01.01.23-31.12.26. Valstyret er:
- førsteamanuensis Sofie Høgestøl (leder) med professor Sigrid Stokstad som vara
- stipendiat Victoria Skeie med stipendiat Katrine Antonsen som vara
- student Ines Løken Gheziel med student Adele Tang Engesmo som vara
- seksjonssjef Steinar Hafto Myre
Valstyret har ansvar for at val av dekan og prodekan, instituttleiar og nestleiar for instituttleiar, samt val til fakultetsstyre og instituttstyre/-råd gjennomførast i tråd med UiOs valgreglement.
Fakultetsdirektøren organiserer eit fast valsekretariat under valstyret. Rådgjevar Victoria Alice Knutsen Hatløy er kontaktperson for valsekretariatet.