English version of this page

BEYOND

BEYOND-prosjektet studerer flyktningkonvensjonen sin innverknad i statar som ikkje har ratifisert han, og korleis desse statane bidreg i utviklinga av internasjonal flyktningrett.

Blå og brun fiskebåt på sjøen.

Kva er flyktningkonvensjonen sin innverknad i statar som ikkje har ratifisert han? Foto: Miles Iwes via Unsplash.

Forskingsprosjektet "Protection without Ratification? International Refugee Law beyond States Parties to the 1951 Refugee Convention" (BEYOND) har som mål å utvikle det første globale og empirisk forankra rammeverket for å forstå åtferda og posisjonane til land som ikkje har ratifisert flyktningkonvensjonen.

BEYOND består av seks delprosjekt og inkluderer case studiar av Bangladesh, Libanon, Pakistan og Tyrkia.

Prosjektet har hovudsidene sine på engelsk.

Finansiering

Dette prosjektet er finansiert av det Europeiske forskingsråd (ERC) del av EUs Horizon 2020-program, kontraktsnummer 851121 (ERC Starting Grant 2019). Prosjektet varer frå 2021 til 2026.

ERC logo

Publisert 16. nov. 2020 13:46 - Sist endra 18. mars 2024 14:48