Tal og fakta om instituttet

bygningen Domus Bibliotheca

Institutt for offentleg rett (IOR) vart oppretta i 1957, og er det største norske fagmiljøet innan offentleg rett og folkerett.  

Offentleg rett

Offentleg rett er rettsreglene dels om forholdet mellom individet og det offentlege, dels om forholdet mellom ulike offentlege organer - herunder bl.a.  storting, regjering, domstoler, stat og kommuner.
 

Folkerett

Folkerett omhandlar i utgangspunktet rettsforholda mellom sjølvstendige statar, men også i nokon grad rettsforholda mellom enkeltindivid og statar, og mellom organisasjonar og statar. Folkeretten bygger i hovudsak på traktatar (avtalar mellom statane) og folkerettsleg sedvane (statanes praksis).

Årsrapportar

Instituttet gir ut årlege årsrapportar.

Instituttets historie

I anledning Institutt for offentlig retts 60-årsjubileum i 2017 holdt Marit Halvorsen et foredrag om instituttets historie. Foredragsmanuset er tilgjengelig her.

Instituttets bibliografi

Til instituttets 50-års jubileum vart det laga ein bibliografi som gir ei oversikt over den vitskaplege produksjonen ved IOR i perioden 1957-2006.