Tal og fakta om instituttet
Institutt for offentleg rett (IOR) vart oppretta i 1957, og er det største norske fagmiljøet innan offentleg rett og folkerett.
Offentleg rett
Offentleg rett er rettsreglane dels om forholdet mellom individet og det offentlege, dels om forholdet mellom ulike offentlege organ - herunder mellom anna storting, regjering, domstolar, stat og kommunar.
Folkerett
Folkerett omhandlar i utgangspunktet rettsforholda mellom sjølvstendige statar, men også i nokon grad rettsforholda mellom enkeltindivid og statar, og mellom organisasjonar og statar. Folkeretten bygger i hovudsak på traktatar (avtalar mellom statane) og folkerettsleg sedvane (praksisen til statane).
Instituttets historie
I samband med Institutt for offentleg rett sitt 60-årsjubileum i 2017 heldt Marit Halvorsen eit foredrag om historia til instituttet. Foredragsmanuset er tilgjengeleg her.
Instituttets bibliografi
Til 50-årsjubileet til instituttet vart det laga ein bibliografi som gir ei oversikt over den vitskaplege produksjonen ved IOR i perioden 1957-2006.