Om prosjektet
I takt med omfattande strukturendringar i jordbruket, auka arealpress og kommersialisering av utmarka, har forvaltinga av beiteområda blitt meir komplisert. Bønder fortel om ei gradvis svekking av samarbeidet, både mellom beitebrukarar og andre brukarar av utmarka. Hyttebygging, kraft- og industriutvikling, kommersialisering av jakt og andre fritidsaktivitetar har alt medført eit betydeleg auka press på utmarksareala. I enkelte områder har det ført til ei utvikling som gradvis også har redusert talet på beitedyr, mindre utnytting av beiteressursane og dermed også auka gjengroing og redusert beitekvalitet med påfølgjande tap av biologisk mangfald som resultat. I andre områder igjen fortel bøndene om eit beitetrykk som er altfor høgt i høve til ressursgrunnlaget.
Mål
Prosjektets hovudspørsmål er: Korleis tilpassar dei formelle og uformelle institusjonane - knytt til felles beiting i utmarka – seg dei miljømessige, politiske og økonomiske endringane over tid? Samt korleis påverkar desse endringane dei ulike brukarane sine generelle strategiar for samarbeid? Og meir spesifikt; korleis påverkar desse endringane samarbeidet mellom beitebrukarane innanfor dei ulike beiteområda?
Resultater
Prosjektet har som mål å publisera vitskaplege artiklar frå forskarar og vitskapleg assistentar som er tilsett i prosjektet.
Samarbeid
Prosjektet er ein del av prosjektet FutgraZe – "Mot ei framtid for utmarksbeitet - om reglar, normer og samarbeid i utmarkas beiteområder", ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Finansiering
Prosjektet finansierast gjennom Noregs forskningsråd.