Instituttrådet kan drøfte andre saker som instituttleiar eller andre medlemmar ønskjer å ta opp. Drøftingane til instituttrådet er rådgivande overfor instituttleiar.
Instituttrådet skal ha følgjande medlemmar:
- instituttleiar
- avløysar for instituttleiar
- 2 faste vitskaplege tilsette
- 1 mellombels vitskapleg tilsett
- 1 studentrepresentant
- 1 teknisk-administrativ tilsett
Instituttleiar leier møta til instituttrådet. I fråværet til instituttleiar leier den valde avløysar møtet.
Frå og med 1.1.2023 er instituttrådet samansett av følgjande medlemmer:
- instituttleiar Margrethe Buskerud Christoffersen
- avløysar for instituttleiar Eirik Østerud
- professor Anders Bernhard Mikelsen
- professor Katrine Kjærheim Fredwall
- representant for stipendiatane – stipendiat Marit Heier Lajord
- studentrepresentant frå JSU
- representant for teknisk-administrativt tilsette – rådgjevar Gro Halvorsen
- sekretær er kontorsjef Eli Knotten