Om gruppa
Forskingsområdet for naturressursrett dekkjer både nasjonale og internasjonale retningsliner for forvaltning av naturressursar og miljø, med særleg fokus på å sikre berekraftig handtering, bruk og vern av natur- og miljøverdiar. Dette feltet inkluderer fleire fagdisiplinar, som miljørett, klimarett, energirett, samt rettshøve knytte til fast eigedom og rettane urfolk har til naturressursar. Det overskrid dei tradisjonelle grensene mellom offentleg og privat rett, då naturressurs- og miljøretten i stor grad er påverka av internasjonale konvensjonar og eit omfattande EU-regelverk som blir integrert i norsk rett gjennom EØS-avtala.
Se bibliografi for Naturressursgruppen 2005-2025.
Mål
Målet til gruppa er å belyse og analysere komplekse problemstillingar knytt til naturressursar og miljø, noko som krev ei tverrfagleg tilnærming og bruk av ulike rettsvitskaplege metodar. Det blir særleg lagt vekt på rettsøkonomiske perspektiv i dei faglege diskusjonane. Gjennom arbeidet sitt ønskjer gruppa å fremje innovasjon og utvikling av nye tilnærmingar til naturressursforvaltning, samstundes som dei identifiserer og adresserer relevante utfordringar i feltet.
Bakgrunn
Forskargruppa er samansett av tilsette frå Institutt for privatrett, Institutt for offentleg rett og Nordisk institutt for sjørett, noko som gjev ei brei fagleg plattform for utforsking av feltet. I tillegg til den interne ekspertisen har naturressursgruppa etablert samarbeid med mange forskarar og forskingsmiljø både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidet omfattar fleire relevante faggrupper ved UiO JUS, som klimarett, tingsrett, energimarknadsrett og samerett, samt formelle partnarskap med om lag ti utanlandske institusjonar.
Studieprogram og emne
For relevante valgfag, sjå oversikt over faga som inngår i valfagsprofilen Ressursforvaltning, berekraft og miljø.
Naturressursretten er alltid aktuell for masteroppgåver. Anten du er interessert i miljørett, klimarett, arealrett eller tingsrett så finnes det aktuelle tema. I naturressursretten vil det ofte være nødvendig å kombinere fleire juridiske emne. T.d EØS-rett, miljørett og generell forvaltningsrett, planrett og ekspropriasjonsrett eller kanskje menneskerettar og ekspropriasjon.
Mange tema vil også være særleg spennande å utforske frå ein meir fleir- eller tverrfagleg ståstad. Det rettsøkonomiske fagmiljøet har laga ei liste med masteravhandlingar som kan vere til inspirasjon for den som vurderer rettsøkonomisk orientert arbeid, ta kontakt med Faggruppe i rettsøkonomi om denne lista.
Ressursar
- Lovdata
- Bibliografi for naturressursgruppa 2005-2025
Bibliografien inneheld doktoravhandlingar, masteroppgåver, bøker, artiklar, rapporter, utredningar m.v.